Sold Out

UTSOLGT Strikk Latviske Vottar!

Event Information

Share this event
Date and Time
Location
Location

Management Office, Deichmanske bibliotek, Hovedbiblioteket

4 Arne Garborgs plass

Oslo, Norway

View Map

Event description

Description

OM WORKSHOPPEN

Latvia har ein fargerik og vakker strikketradisjon, og landet er særleg kjent for den rike vottetradisjonen. Kvart vottepar syner ei eiga historie og derfor finst det i dag nærast tallause mønster og variasjonar. Kvar region i Latvia har sine spesielle variantar.

Vottane er strikka med tynne pinnar og tynt garn, noko som gir plass til mykje mønster på kvar vott. Her er det vottar for den som likar det enkelt og klassisk med få fargar, men òg fargerike variantar i uventa kombinasjonar. Felles for alle vottane er dei særeigne mønstera som gjer vottane til små kunstverk.

På denne workshopen lærer du:
- Latviske vottar - strikking av dei og tradisjonen
- Vanleg opplegg og opplegg til tradisjonelle latviske vottar
- Strikk bandmansjetten på Rudzati-votten
- Strikk vottar med 3 eller fleire fargar
- Rundfelling og trekanta felling



Pris: 250,-
Tid: Sat 5. 12:30
Deltagere: 8
Språk: Norsk
Vanskelighetsgrad: Medium / Litt Øvet
Materialler: Alt materiell finst på kurset og du treng derfor ikkje å ta noko med deg.


OM MARUTA

Maruta Grasmane er ekspert på latviske bunader og grunnleggar av Nasjonalt bunadssenter SENA KLETS («gamal låve») i Latvia. Etter mange års forsking ved Latvias nasjonalhistoriske museum, Liepaja Museum og Latvias etnografiske friluftsmuseum, har forfattaren valt ut 178 par vottar frå 1700-talet til byrjinga av 1900-talet. Denne hausten gir ho ut boka Latviske vottar på Samlaget.

Share with friends
Date and Time
Location

Management Office, Deichmanske bibliotek, Hovedbiblioteket

4 Arne Garborgs plass

Oslo, Norway

View Map

Save This Event

Event Saved